Ryfylkeløpet 2016 – lørdag 20. august kl. 11:00

Årets løp blir arrangert lørdag 20. august 2016 med start fra Jørpeland. For Ryfylke veterankjøretøyklubb vil dette være et jubileumsløp siden dette er femte året vi gjennomfører et flott arrangement i Ryfylke. Start og mål blir ved Jørpeland ungdomsskole. Vi vil som tidligere år få oppleve en nydelig naturopplevelse på fine veier i Strand kommune.  Påmelding kan skje ved innbetaling av beløpet til bankkonto 3205 22 48433.
Navn på deltaker/bileier, adresse, registreringsnummer, Bil/mc merke, type og årsmodell.

Påmeldingsfrist: 10. august.

Startkontingent bil/mc ved forhåndspåmelding: kr 350,- Påmelding ved start løpsdagen: kr 400,- Vi har satt grense på maks 100 deltakende kjøretøy.

Informasjon

Har dere spørsmål angående arrangementet, overnattingstilbud eller andre forhold kan dere ta kontakt med Laila Sæbø på mobiltelefon 916 36 471 eller e-post lailasabo@gmail.com.

Velkommen til Jørpeland!
WV-bilde

Ryfylkeløpet 2013

14

Det andre Ryfylkeløpet sette rekord med totalt 68 deltakande kjøretøy. Av desse blei 24 påmelde ved starten. Det gjorde at ein gjekk tom for kart og startnummer; eit luksusproblem!

Også dette året hadde ein uvurderlig hjelp frå Livsglede for eldre – både på postar og i kioskdrifta. Og som i fjor stilde TS’en sterkt! Vinnar dette året blei Carl-Gustac Meling frå
Stavanger. Nesten fullstendig resultatliste og fleire bilde finn du ved å klikka.

Fotograf Kristoffer N. Horn har knipsa alle kjøretøya. Hans bilde får du tilgang til her.

Sjøormløpet 2013

no 006 start 01

Bra oppslutning frå klubben også dette året; 10 bilar pluss flott Jaguar frå bylandet! I godværet hadde me ein fin kolonnekjøring til Seljord. Regn på løpsdagen, ulike startnummer (m.a. dei fem første nummera også i år!) og planar for returen gav meir spreidd orden heimover…
Bildene frå årets treff finn du her.

Mølleparken 2013

24-nett 34-nett

Rekordoppslutning om årets treff;  i alt 25 kjøretøy! Kjekt å kunna samarbeida med Mølleparkens Venner, dei ordnar med fint vær og
ei god ramme rundt treffet. Sjå bilde her.

Ryfylkeløpet 2012

obj179geo153pg1p3

Lørdag 25. blei det første Ryfylkeløpet arrangert i flott rundløype i Strand kommune. I alt 40 bilar deltok, m.a. stilde TS’en med 5 lastebilar!  Som mannskap på postane
og til matservering stilde Livsglede for eldre opp – takk til dei! Bilde frå arrangementet finn du her. Her er resultatlista.

– Vinnar av løpet blei Stein Roar Melin frå Stavanger. Han kjørde ein Morgan 1981-modell – og fekk eit spesiallaga glassfat frå Glasskjellaren i premie.

– Jon Kvame gjer klar sin Ford A 1931-modell før start. Og det måtte etterfyllast undervegs…

Sjøormløpet 2012

obj160geo138pg1p3 obj161geo139pg1p3

I alt 11 bilar og 24 personar deltok frå klubben i år, blant dei også unge rekruttar!  Rasten ved Vinjar skule i Suldal er blitt fast tradisjon! Ein del av «våre» bilar nærast tribunen. Beste prestasjonen stod Jostein Soppeland for med ein kjempeflott 7. plass – nybegynnarflaks igjen, eller? Vêret kunne nok ha vore betre under løpet…  Takk til A/S Norske Shell  som sponsa  turen med kr 10.000

Foto: Helge Barka

Mølleparken 2012

obj14geo14pg1p3

Bra stort frammøte med 15 lokale kjøretøy + gjest frå Sand! Og fleire «nye» kjøretøy også i år – spennande
både for medlemmer og andre! Fleire bilde frå årets utstilling finn du
her.

Årdalstreffet 2012

God oppslutning frå klubben med 10 kjøretøy. Og fint vêr. Kjekt å bli spurd om å delta – og kjekt å vera med! Samlingar som dette er også miljøskapande for medlemmene i klubben.

Sjøormløpet 2011

obj74geo73pg1p3

Alle samla til tradisjonell lunsj på Vinjar skule. Klubben stilde med fem bilar – og gjestedeltakarar frå andre sida av fjorden og frå Junaiten som mannskap – Fleire bilde finn du her.

John G. Helmikstøl og Magne Austigard debuterte i løpet.
Og blei beste laget frå klubben – med 37.plass av 195 startande!

I Mølleparken skin sola alltid på oss – her frå 2011

Molleparken 2011

Mølleparken gir ei fin ramme rundt dei gamle kjøretøya! dette er eit
godt høve for klubben å visa igjen, så me skal takka Mølleparkens
Venner for at dei tar oss med – på godvêrsdag som søndag 5. juni!
Kjekt i år å ha med Per Ivar Frøiland – og Magne Austigard med «ny» Austin. Du finn dei
her.