Godt besøkt medlemsmøte den 2. desember!
Nesten fullsatt møtesal; 28 medlemmer
tilstades på den første samlinga. Drøsen gjekk godt, mat og gløgg smaka
-og medlemmene fekk studert dei praktiske lokalitetane klubben rår over.
Dette lova bra for det vidare arbeidet i klubben. Så langt ser det ut
til at torsdag kan bli den faste kvelden for medlemstreff, men dette
kjem styret tilbake til. Elles var det ingen som hadde andre tankar enn
at me kunne leggja ut navn på medlemmene på nettet, gjerne med dei
aktuelle kjøretøya. Så gode medlemmer, send inn bilde!
- Egil Svensen og Tore Voster ved matbordet, Laila Sæbø serverer gløgg - elles god drøs blant dei mange frammøtte medlemmene.
Når klubblokala er ferdig innreda, kan det bli fast treffetid på Fiskå.