Ansv. for sidene:
Magnar Hapnes

Org.nr. 994 773 186
Det er lurt å få kjøretøya ut! Både var det ein del publikum som fekk studert kjøretøya - og me fekk byggja kontakt mellom medlemmene!
(Dei som ikkje var i parken, kan lesa om utstillinga i neste Strandbuen.)

I Mølleparken blei det ein eigen avdeling for motorsyklar - og me fekk fram ein av Gråtassane i klubben. Synd at ikkje den praktiske kassen bak kom fram på bildet.

Så var det overraskande, men veldig kjekt for Sigurd Gjerde å få sjå igjen faren Lars sin gamle Tempo! Godt at Inge Børkja hadde sett sykkelen frå 1952 i så fin stand!

Formann Tore fekk også høve til å lufta det nye klubbteltet - og servera kaffi og vaffelkaker.

Og det er klart at ei utstilling i Mølleparken - i godvêr - blir ein tradisjon, viss folka i Mølleparken vil ha oss!