Løpet er først og fremst eit løp for "Automobiler og Motorcycler af edel Aargang" - som det heiter i programmet.
Så er det ei ut- og oppstilling av ulike kjøretøy. Alle blir grundig presenterte ved starten av løpet.
Sjølve løpet er ein koselig rundtur i fantastisk vossanatur - med bratte opp- og nedstigningar. Undervegs er det ulike prøvar av kjøreteknisk art; plankekjøring og parkering nær planke, test av kunnskap om kjøretøy og evne til å få med seg det ein kjører forbi.
Alt dette er ramma inn av ulike arrangement - i år knytta til at det er 50 år sidan det blei fritt å kjøpa seg bil i Norge. Løpskvelden blir avslutta med festmiddag og premie- utdeling.
For dei fleste er det viktigat og kjekkast å delta - premiane kan godt andre få!
Neste år vil klubben prøva å få til ein større delegasjon!
Ved start var det ein presentasjon av dei mest populære bilane då bilkjøpet blei fritt i Norge i 1960. Kjetil med sin Amazion frå 1957 deltok i denne presentasjonen!
Og vekte Tore oppsikt med sin Chevrolet lastebil frå 1946, særlig då han viste tippen.
Elles er folk fornøgde med kjøretøya sine, sjøl om eit par studerte ivrig på andre bilar; kanskje har me to - eller tre? nye Mercedesar i klubben neste år?
Løp for veretankjøretøy er først og fremst eit sosialt treff, mindre ein konkurranse. Og både opp- og nedtur med gamle bilar er artig, særlig ved ferjeleiene. Folk vil gjerne prata bil!
Så høyrer det kanskje med at Rolf i år vann sin klasse..
- Ein lagseier, seier formannen!