§1 Føremål
Klubben skal samla folk i kommunane i Ryfylke som på
idealistisk grunnlag ønskjer å ta vare på veterankjøretøy og dokumentera
den lokale kjøretøyhistoria. Klubben skal ivareta medlemmene sine
interesser - og gjennom faste møte vera ein sosial møtestad der
medlemmene kan hjelpa kvarandre med tips, reservedelar, litteratur og
liknande. Klubben skal vera tilknytta LMK - Landsforbundet av
Motorhistoriske Kjøretøyklubber.
§2 Medlemskap
Enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter som deler klubben
sitt føremål, kan vera medlem; ein treng ikkje sjøl eiga noko kjøretøy.
Familiemedlemmer under 18 år og ektefelle/sambuar av eit medlem kan
teikna eige medlemskap til redusert pris. Både hovedmedlem og
støttemedlem har stemmerett på årsmøtet. Medlemspengane må vera betalt
innan 1. mars, elles fell medlemskapet bort.
Folk som utmerkar seg i klubben sitt arbeid, kan få æresmedlemskap
når eit samla styre eller minst 10 medlemmer går inn for dette.
Årsmøtet gjer det formelle vedtaket. Æresmedlem er fritatt
medlemspengar.
§3 Årsmøtet
Dette er det øverste organet i klubben, og skal haldast innan
utgangen av september kvart år. Innkallinga skal vere ute til medlemmene
seinast ein månad før møtedato. Vedtak blir fatta med simpelt fleirtal,
vedtektene må ha 2/3 fleirtal. Årsmøtet er vedtaksført med dei
medlemmene med stemmerett som har møtt fram.
Årsmøtet veljer møteleiar og referent, og skal behandla desse sakene:
Godkjenning av innkalling og sakliste -
Årsmelding - Revidert rekneskap og budsjett - Vedta medlemspengar -
Valg av nytt styre med varamedlemmer (leiar for eitt år om
gongen, dei andre for to år) - revisor og valgnemnd på tre
personar (for to år) - og forsikringsansvarlig (for to år).
- Innmelde saker
Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn med
minst 14 dagars varsel når styret finn grunn til det - eller når 1/3 av
medlemmene skriftlig har forlangt det.
§4 Klubbstyret
Styret skal ha slik samansetting:
leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem. Vedtak
blir fatta med vanlig fleirtal. 1. varamedlem har møterett på
styremøtene. Styreverv er ubetalt. Leiar og kasserar har fullmakt til å
bruka klubben sin konto i banken.
§5 Oppløysing
Ryfylke veterankjøretøyklubb kan oppløysast etter same reglar som ved
vedtaksendring. Ved ev. oppløysing avgjer siste årsmøte koss klubben sin
midlar skal brukast.