1930 talet

Mens Henry Ford har fått æra for å produsera bilar folk flest kunne ha råd til, blei Essex-bilane  laga som ein ikkje alt for dyr, innelukka bil.  Dei første Essex’ane hadde elles mange rekordar i bakkeklatring.  Det var slutt for Essex i 1933.

Austin 7 blei produsert frå 1922 til 1939 under kallenavnet «Baby Austin». Det var ein av dei mest populære bilane som nokon gong er produsert for den britiske marknaden.  Og den selde også bra i andre land. Bilen hadde om lag same effekt som   T-Ford ‘en i USA.

Austin 10 er også ein liten bil – som blei produsert 1932-1947.Den var Austin sin bestseljande bil i 30-åra. Bilen passa inn mellom «baby» Austin 7 og Austin 12.