Vedtatt på årsmøte 27.09.2010:

§1  Føremål

Klubben skal samla folk i kommunane i Ryfylke  som på idealistisk grunnlag ønskjer å ta vare på veterankjøretøy og dokumentera den lokale kjøretøyhistoria. Klubben skal ivareta medlemmene sine interesser – og gjennom faste møte vera ein sosial møtestad der medlemmene kan hjelpa kvarandre med tips, reservedelar, litteratur og liknande. Klubben skal vera tilknytta LMK – Landsforbundet av Motorhistoriske Kjøretøyklubber.

§2   Medlemskap

Enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter som deler klubben sitt føremål, kan vera medlem; ein treng ikkje sjøl eiga noko kjøretøy. Familiemedlemmer under 18 år og ektefelle/sambuar av eit medlem kan teikna eige medlemskap til redusert pris. Både hovedmedlem og støttemedlem har stemmerett på årsmøtet. Medlemspengane må vera betalt innan 1. mars, elles fell medlemskapet bort.
Folk som utmerkar seg i klubben sitt arbeid, kan få æresmedlemskap når eit samla styre eller minst 10 medlemmer går inn for dette. Årsmøtet gjer det formelle vedtaket. Æresmedlem er fritatt medlemspengar.

§3   Årsmøtet

Dette er det øverste organet i klubben, og skal haldast innan utgangen av februar kvart år. Innkallinga skal vere ute til medlemmene seinast ein månad før møtedato. Vedtak blir fatta med simpelt fleirtal, vedtektene må ha 2/3 fleirtal. Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmene med stemmerett som har møtt fram.
Årsmøtet veljer møteleiar og referent, og skal behandla desse sakene:
Godkjenning av innkalling og sakliste –  Årsmelding – Revidert rekneskap og budsjett –  Vedta medlemspengar – Valg av nytt styre med varamedlemmer  (leiar for eitt år om gongen, dei andre for to år)  – revisor og  valgnemnd på tre personar (for to år)  –  og forsikringsansvarlig (for to år). –  Innmelde saker

Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn med minst 14 dagars varsel når styret finn grunn til det – eller når 1/3 av medlemmene skriftlig har forlangt det.

§4  Klubbstyret

Styret skal ha slik samansetting: leiar, nestleiar,  sekretær,  kasserar og styremedlem. Vedtak blir fatta med vanlig fleirtal.
1. varamedlem har møterett på styremøtene. Styreverv er ubetalt. Leiar og kasserar har fullmakt til å bruka klubben sin konto i banken.

§5  Oppløysing

Ryfylke veterankjøretøyklubb kan oppløysast etter same reglar som ved vedtaksendring. Ved ev. oppløysing avgjer siste årsmøte koss klubben sin midlar skal brukast.