1980 talet

Veteranane blir yngre og yngre… Nå er alt 80-modellane blitt veteranar. Så etter kvart kan det bli fleire kjøretøy også på denne sida!

Og kjøretøy som er 20 år er aktuelle veteransamanheng!
Sjøl om dei ikkje får veteranstatus før dei rundar 30 år…

Kjøretøy i klubben

Bryllupskjøring

Kjøring i distriktet kr 2.500.-
Tillegg for utenbygdsoppdrag kr 1.500.-

obj213geo150pg1p3

 

1920 talet

A-Ford’en kom i oktober 1927; den første blei seld i desember! Modellen erstatta T-Ford’en som då hadde rulla i 17 år. A-Ford’en kunne ein få i fire fargar, men ikkje svart.
Då produksjonen var slutt i 1932, var det i alt laga nesten fem millionar.

Chevrolet blei stifta 1911 for å konkurrera med T-Ford’en.

1930 talet

Mens Henry Ford har fått æra for å produsera bilar folk flest kunne ha råd til, blei Essex-bilane  laga som ein ikkje alt for dyr, innelukka bil.  Dei første Essex’ane hadde elles mange rekordar i bakkeklatring.  Det var slutt for Essex i 1933.

Austin 7 blei produsert frå 1922 til 1939 under kallenavnet «Baby Austin». Det var ein av dei mest populære bilane som nokon gong er produsert for den britiske marknaden.  Og den selde også bra i andre land. Bilen hadde om lag same effekt som   T-Ford ‘en i USA.

Austin 10 er også ein liten bil – som blei produsert 1932-1947.Den var Austin sin bestseljande bil i 30-åra. Bilen passa inn mellom «baby» Austin 7 og Austin 12.

1940 talet

1945: Chevrolet startar opp igjen produksjonen av lastebilar 20. august og personbilar 3. oktober.

1946: Opel starter opp igjen produksjonen og først ut er lastebilen Blitz.

1947: Opel tar opp igjen produksjonen av personbilar (ein  Olympia-versjon). Volvo startar med sin PV 444.

1948: Opel kjem med «ny» Kapitän. Og det første trafikklyset kjem i Oslo!

1949: Volkswagen med  «Boblå» for eksport

1950 talet

1954: Det er ikkje lov å importera eldre bilar enn 1953-modellar.

1957: Mest selde: Volvo, VW, Opel Olympia/Rekord. På botn: BMW (3 bilar) og Porsche (2).

1959: Esso med slagordet «Putt en tiger på tanken».

Harry Ferguson skapte «Ferguson» og modellen TE20, like etter andre verdenskrig. Traktoren hadde ca. 20 hk. Navnet TE20 står for Tractor England  og motoreffekten. Traktoren blei symbolet på mekaniseringa av landbruket verda over. Den blei ein folketraktor, og altså kalla Gråtass i Norge

Citroën B11 Normale blei laga mellom1934 og 1957 – og kjend som gangsterbilen etter å ha blitt brukt i mange gangsterfilmar. Bilen fantest også med sekssylindra motor under navnet B15.

Ford Consul Mk1blei første gong vist på London Motor Show i 1950 og var starten på Ford of Britain sin suksess på familiebilmarknaden.  I 1956 var det slutt for modellen.

1960 talet

1960: Fritt bilsalg 1. oktober. Mest selde: VW, Ford Anglia, Opel Olympia Record.
Volvo kom  med P1800 og fekk pris for denne i 1961 i USA. Mest kjende sjåfør er nok «The Saint», Roger Moore.
Så bør det nevast at Joan Collins, kjend frå «Dynastiet» har vore eigar av den kvite Mercedesen på denne sida!

1967: Sverige får høgrekjøring den 03.08

1968:  SAAB med 99   på hausten. VOLVO med 164. Renault  startar med  R16 TS.

1969: Renault kjem med R12. Volvo stansar produksjonen av Amazon Duett og herregårdsvogn.

1970 talet

1970: Dei mest selde bilane:

  1. VW
  2. Opel Kadett
  3. Volvo 140
  4. Ford Cortina
  5. Opel Rekord
  6. Ford Escort.

Volvo legg ned produksjonen av Amazon.

1971: SAAB med lyktepussarar. Toyota er verdens tredje største bilprodusent.

1973:  «Oljekrise» med kjøreforbud i november i helgene (frå lørdag kl 1500 til mandag kl 0200).

1974: Toyota Corolla den mest produserte modellen.

1976: Triumph sluttar med TR6.

1977: Sverige med lov om kjøring med halvlys på dagtid.

1978: Volkswagen med si siste Boble .

1980: SAAB sluttar med  96.

1980 talet

Veteranane blir yngre og yngre… Nå er alt 80-modellane blitt veteranar. Så etter kvart kan det bli fleire kjøretøy også på denne sida!

Og kjøretøy som er 20 år er aktuelle veteransamanheng!
Sjøl om dei ikkje får veteranstatus før dei rundar 30 år…